til top
  • Bad og våtrom

Bad og våtrom

Dagens krav til dokumentasjon og kvalitet gjer at det å pusse opp badet ikkje er for kven som helst.

Bad og våtrom som ikkje er forskriftsmessig utført kan føre til fuktskadar, sopp og ròtevekst - og store kostnader. Eit bad er ofte det mest samansette og kompliserte rommet i eit hus, der det vert utført arbeid av både tømrar, murar, elektrikar og røyrleggar.

Me kan utføre rehabiliteringa av badet ditt som ein totalentreprise. Me tek då ansvar for alle faga, og du får berre ein person å forhalde deg til. Du får eit ferdig bad til avtalt pris, inklusive all naudsynt dokumentasjon. Enklare og tryggare vert det ikkje.

Om du ynskjer det kan også ein av våre erfarne byggmeistrar kome på synfaring og gje deg råd i planleggingsfasen.

Ta kontakt her